Risikerer livet for blasfemi-anklaga kristne

Saif ul-Malook er muslimen som var advokat for kristne Asia Bibi i blasfemisaka mot ho. Medan Bibi endeleg er fri, lever ul-Malook med drapstruslar hengjande over seg.

Bibi er den kristne kvinna som har sete over ni år i fengsel med ein dødsdom hengjande over seg. I oktober vart ho frifunne for blasfemitiltalen, og i januar avviste Pakistans øvste domstol eit krav om å gjera om frifinninga.

– No er det ingen som kan nekta for frifinninga hennar. Det er fastslått i den pakistanske grunnlova, fortel Saif ul-Malook til Kristelig Pressekontor.

Han førde saka for Asia Bibi i høgsterett og vart saman med dommarane truga på livet av ekstremistar etter frifinninga.

No er han i Noreg, saman med Stefanusalliansens støttepartnar Sajid Christopher Paul frå Human Friends Organization, for å diskutera ekstremisme og trusfridom i Pakistan. Tysdag deltok dei i eit panel under Human internasjonale dokumentarfilmfestival i Oslo.

Held fram kampen

Sjølv om ul-Malook forlét Pakistan i frykt for sitt eige liv, er han ikkje ferdig med å forsvara minoritetar mot misbruk av blasfemiparagrafen i landet. Medan KPK intervjuar han, vert vi avbrote av ein telefon frå familien til ei anna kristen kvinne som er dømt til døden for blasfemi i heimlandet.

– Eg kjem til å dra tilbake til Pakistan for å forsvara ho i ankesaka, og eg er sikker på at vi kan vinna den òg, seier advokaten.

Han fryktar for sin eigen tryggleik, men meiner det er betre å drepast enn å la vera å gjera det rette.

– Vi skal alle døy ein gong. Dersom ekstremistane drep meg, vil eg hugsast som ein modig mann. Anten eg døyr eller overlever, vil innsatsen min kunna føra til endringar i Pakistan og gjera noko med misbruket av blasfemiparagrafen, seier ul-Malook.

Advokaten vart òg truga då han var påtalemyndighetens aktor i saka mot Mumtaz Qadri, livvakta som drap Punjab-guvernøren Salman Taseer etter at han kritiserte misbruket av blasfemiloven. Qadri fekk dødsstraff og er i ettertid vorte hylla som ein martyr av ekstremistar i Pakistan.

Mobben trugar lokal justis

Advokaten fortel at så godt som hundre prosent av dei som vert skulda for blasfemi i Pakistan, endar opp med å kjennast skuldige i første rettsinstans.

– Når nokon skuldar andre for blasfemi, har dei gjerne med seg ein mobb på tusen mann. Lokalt politi og rettsvesen vågar då som regel ikkje å gjera noko anna enn å fengsla og dømma personen. Det er på dette nivået vi må styrkja innsatsen dersom vi skal verta kvitt misbruket av blasfemiloven, seier ul-Malook og peikar på at rundt 80 prosent av dei som vert skulda for blasfemi, sjølv er muslimar.

– Dei får ikkje den same internasjonale merksemda som nokon av sakene mot kristne får, legg han til.

Sjølv meiner ul-Malook at muslimar som han sjølv, burde få meir heider internasjonalt.

– Ikkje for min eigen del, men for å hjelpa offera og skapa endring. Dersom andre advokatar såg at eg hausta stor heider for innsatsen min, ville fleire våga å stå opp for dei svakaste og slik skapa ei endring i samfunnet, seier han.

– Liten, høglydt og valdeleg gruppe

Han meiner protestane og trugslane etter Bibis frifinning ikkje er representativt for haldninga til fleirtalet av Pakistans folkesetnad, men har utspringet sitt i ei lita gruppe ekstremistar.

– Dei er små, men svært høglydte og valdelege. Dei kallar seg muslimar, men eg vil ikkje seia at dei er det. Det står jo i Koranen at dersom du drep ein uskyldig person, drep du heile menneskeslekta, seier han.

Advokaten meiner han som muslim har ei plikt til å jobba for menneske frå den kristne minoriteten.

– I Koranen står det tydeleg at vi skal ta vare på dei svakaste og mest utsette i samfunnet, seier han. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.